Frogner hovedgård ligg på eit langstrakt høydedrag langs Gjerpendalen

Det slette landskapet avgrensa av Skienselva i vest med sine bratte fjellskrenter av ”gamalt” fjell og åskammene i aust av vulkansk fjell som trenger igjennom dei sedimentere bergartane av kalk og leirstein. Dalbotnen og landskapet slik vi kjenner det trer fram etter isbreen sine reiser. ”Bronselandet” kallar vi det etter dei mange funna av gjenstandar frå eldre busetnad som ein finn når ein grev i jorda her. Menneske har sidan iskanten trekte seg tilbake busett seg her, og gav staden namnet Frogner sombetyr frodig eller fruktbar jord. Det er dei klimatiske og naturgitte forutsetningane som har gitt livsgrunnlag her i tusenar av år.

På denne staden vart det ein gong gravlagt to menneske. To haugar som er synlige i landskapet og som husa her forheld seg til.

I alle tider har Frogner vore knytta til desse haugane. Dei som ligg her representerar ikkje berre seg sjølve, men alle som har levd her og som kjem til å leve av jorda på Frogner. Dei to små haugane mellom tre og bygningar fortel noko om vår historie. Ei historie ikkje om ætt og ære, men om heim og folk. Vår felles arv som menneske av jorda. Frå eit frø spirar vi til liv, før liva våre fl ettast saman med dei vi står i vinden saman med. Når hausten kjem buntast vi saman for å gi kvarandre ly. Kanskje flettast ei korg som skal bæra den neste av oss. Eller kanskje slår ein eit tau som skal feste arden til kua slik at jorda til våren kan såast på ny.

I ei tid nærare oss, vart det bygd eit sommarhus, no kjend som Frogner hovedgård, på tuftene til det som en gang var.

Inspirert av vindar fra sør i Europa, og spesielt frå arkitekten Palladio, vart stokk lagt på stokk etter regler og ideal frå ei tid som er like fjern som de to menneskene som ligger under de to røysene med stein og jord. Aksar og symmetri legg grunnlaget for planen og plasseringa av svillen og staven. Søyler lagar svalganger eller ein ”portigo” som fungerer som klimaskjerm. Etter idealet var hovedbygget omgitt av ein ”barchessa” på kvar side. På Frogner, slik som i mange andre tilfelle, vart berre den eine bygd. Kanskje var det tankar om fleire byggetrinn, eller så forandra behovet eller idealet seg. Parken snakkar naturen sitt eige språk, i kontrast til renessansens strenge syntaks. Her dansar blada i vinden og kastar solstrålar og lys mellom folk og bygg.

Vårt forslag (sektor, oversikt forlegningskapasitet)

Bygga sine yttergrenser er definerte av solstrålane som strekk seg ut frå datumet i gravhaugen. Takvinkelen på ”Storsalen” og ”Arden” er gitt av solhøgda på den kortaste dagen i året. Storsalen tilsvarer 60 solminutt, Arden to soltimer. Frå parken lagar taket ein horisont som gjer det muleg å ”lese” sola i det den når sitt toppunkt i syd. Dagen når ”sola snur” svevar den i to timar før den fell ned bak åskammen for å kvile. Sollyset vil trenge inn i gavlene på Arden og bli vaska over veggane som for å sei godnatt.

Parken med dei to haugane skapar er ei forankring. Her vert eit datum plassert.

Frogner sitt origo som alle akser spring ut frå, som solstrålar. Arkitekturen blir til i ein dialog med himmel, bakke og dei historiske bygningane. Geometrien er eit utgangspunkt, ikkje for geometrien si skyld, men for det naturgitte og for staden sin betydning. Mennesket sin søken etter kunnskap, tru og eit godt liv. No som før, då menneska under haugen sådde jorda, trakker vi fram fire nye rom i graset.

”Orangeriet” Eit fleirfunksjonsbygg som kan fungere som eit nav i anlegget. Bygget er ope og inviterande, og fristilt frå hovudbygga.

Dette gir fleksibilitet og muligheit for at bygget kan endre funksjon etter behov. Det kan fungere som eit driftsbygg for forsåing, resepsjon for hotellverksemd, gardsbutikk, museumsbutikk, café for publikum og ein sosial møtestad for elevar på
folkehøgskulen.

”Arden” Eit funksjonelt bygg som kan gi anlegget praktiske og naudsynte funksjonar.

Det ”pløyer” jorda og legg til rette for denaktiviteten som skal foregå. Som hotell vil ein her finne kjøkken, restaurant, møterom av varierande størrelse og karakter, og 47 overnattingsrom med plass til 88 senger. Som folkehøgskule vil bygget kunne fungere med rom som kjøkken, matsal, undervisningsrom, vrimleareal og soverom. I underetasjen finn ein lagerrom og parkeringsgarasje.

”Celten” Ein storsal med samlande funksjon.

Som bronseøksa ”celten” eller ”holøksa” kan bygget rydde plass for nye tankar og opplevingar. Med ein open glasvegg mot nord opnar bygget seg mot gravhaugane, hovedgården og parken. Nytt møter gamalt med respekt og ettertanke som utgangspunkt.

”Barchessaen” Som eit motsvar til den historiske barchessaen i forlenging av hovedbygget ligg den nye ”barchessaen” i bakkant av anlegget noko nedsenka og lågare enn parken.

Bygget er langstrakt og lågmelt, men samstundes med klare henvisningar til anlegget. Her finn parkering og verkstadsfunksjonar i underetasjen, og overnattingsrom i fyrste etasje. Fronten har ein søylegang mot parken som skal gi fasaden eit offentleg preg med ein overgang til det meir private. Ingen av hotellromma har vindauge direkte mot parke, noko som bidrar til å behalde parken som allemannseige.